Hotel Union Øye, 62 NORD og Flakk Gruppen er ei familieeigd bedrift som allereie har investert betydelige midlar i utvikling av hotell og opplevingar på Sunnmøre og 62. breddegrad. Som ein del av Flakk Gruppa sin reiselivsstrategi investerast det no i ei omfattande utbygging og oppgradering av Hotel Union Øye. Vi har sidan opninga i 1891 vore reisemål for tindebestigarar, eventyrarar, kongar og dronningar og er omtala som eit av Skandinavias mest anerkjende historiske hotell. Vi er stolte av å levere berekraftige og skreddersydde opplevingar av svært høg kvalitet for våre gjestar.
Som bartender må du må vere grunnleggande oppteken av service, glad i folk og vere ein person som motiverast av å skape store opplevingar og yte førsteklasses service. Vidare må du vere kvalitetsbevisst og ha eit godt trena auge for detaljar, samt evne å få alle type gjestar til å føle seg heime og velkomne. Du må vere innstilt på å jobbe kveld og helgar.
Vi søkjer ein person med erfaring frå bar- og serveringsbransjen eventuelt god erfaring frå anna type servicebransje. Du må vere utprega serviceinnstilt, og ha eit genuint ynskje om å skape gode drikkeopplevingar for gjestane. Alle søkjarar må snakke flytande skandinavisk og beherske engelsk både muntleg og skriftleg.
Vi tilbyr ei utviklande og spanande stilling i eit godt arbeidsmiljø, der du får vere med på å skrive eit nytt kapittel av historia saman med trivelege kollegaer. Vi er hjelpsame med bustad, og tilbyr løn etter avtale.
Kontakt hotelldirektør Kathrine Øye tlf. 481 15 608 for ytterlegare opplysningar.