ledig stilling hos Hotel Union Øye

Guest Relations Manager

Vi søkjer ein person med relevant utdanning innan hotellfag og/eller leiing. Lang drifts- og leiarerfaring frå liknande stilling kan kompensere for manglande utdanning. Vidare må søkjarar ha god økonomiforståing og vere grunnleggjande serviceinnstilt, positiv og energisk.

Hotel Union Øye, 62°NORD og Flakk Gruppen er ei familieeigd bedrift som allereie har investert betydelige midlar i utvikling av hotell og opplevingar på Sunnmøre og 62. breddegrad. Som ein del av Flakk Gruppa sin reiselivsstrategi investerast det no i ei omfattande utbygging og oppgradering av  

Hotel Union Øye. Vi har sidan opninga i 1891 vore reisemål for tindebestigarar, eventyrarar, kongar og dronningar og er omtala som eit av Skandinavias mest anerkjende historiske hotell. Vi er stolte av å levere berekraftige og skreddersydde opplevingar av svært høg kvalitet for våre gjestar. 

Som Guest Relations Manager har du ansvar for dagleg drift av avdelinga. Det innebærer både personal-, budsjett- og resultatansvar, og gjennom god leiing skal du sikre eineståande service og kvalitet på våre tenester. Stillinga har også eit operativt ansvar for HMS, og som leiar er du ein rollemodell og aktiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø. Stillinga rapporterar til Hoteldirektør og er ansvarleg for leiing og utøving av vertskapsrolla.

Som leiar må du vere raus, tydeleg og profesjonell i handteringa av dine tilsette. Fleksibilitet og gode samarbeidsevner er ein forutsetnad. Du må vere genuint oppteken av service, glad i folk og vere ein person som motiverast av å skape store opplevingar. Viare må du vere kvalitetsbevisst og ha eit svært god trena auge for detaljar.  Samtidig må du ha eit hjarte som slår for menneska rundt deg, både dine kollegaer og dine gjestar. I rolla som Guest Relations Manager må du evne å handsame periodevis høgt arbeidspress, og du er ein person som beheld roa i eit hektisk og høgt tempo

Vi tilbyr ei utviklande og spanande stilling i eit godt arbeidsmiljø, der du får vere med på å skrive eit nytt kapittel av historia saman med trivelige kollegaer. Vi er hjelpsame med bustad, og tilbyr løn etter avtale.

Er du den vi leter etter?

Søknadsfrist 20. januar 2022

Kontakt Mercuri Urval ved Ole Petter Bratteberg, tlf. 975 59 036 eller Mette Slinning, tlf 975 59 025 for ytterligere informasjon. Alle henvendelser til Mercuri Urval blir behandlet konfidensielt, også overfor oppdragsgiver.