ledig stilling hos Hotel Union Øye

Head Sommelier

Er du lidenskapeleg oppteken av mat og vin? Har du ein draum om å vere med på ei spanande reise? Blir du motivert av å halde eit høgt nivå innan service og kvalitet, og elskar å prate med gjestar om fjord og fjell og annan småprat med historisk sus. I samarbeid med med dyktige kollegaer skal du vere med å sikre at våre gjestar får ei fantastisk oppleving som står i stil til våre eventyrlege omgivnader.


Hotel Union Øye, 62 NORD og Flakk Gruppen er ei familieeigd bedrift som allereie har investert betydelige midlar i utvikling av hotell og opplevingar på Sunnmøre og 62. breddegrad. Vi har sida opninga i 1891 vore reisas mål for tindebestigarar, eventyrarar, kongar og dronningar og er omtala som eit av skadinavias mest anerkjende historiske hotell. Vi er stolte av å levere berekfraftige og skreddersydde opplevingar til svært høg kvalitet for våre gjestar.

Hotel Union Øye er Noregs einaste hotell med medelmskap i den anerkjende hotelsamanslutaninga Relais & Chateaux.

Som sommelier får du vere med på å byggje opp ein vinkjellar å vere stolt av. Du må vere grunnleggjande oppteken av service, glad i folk og vere ein person som motiverast av å skape store opplevingar. Viare må du vere kvalitetsbevisst og ha eit svært godt trena auge for detaljar.

Vi søkjer deg som har ein draum om å vere med på ei spanande reise og som kan tenkje deg å bygge opp ein rikhaldig vinkjellar og viareutvikle våre restaurantkonsept av svært høg kvalitet.  Du må vere utprega serviceinnstilt, og ha eit genuint ynskje om å skape gode drikkeopplevingar for gjestane. Alle søkjarar må snakke flytande skandinavisk og beherske engelsk både muntleg og skriftleg.

Vi søkjer ein person med sommelierutdanning og geniuin lidenskap og kunnskap om vin. Viare må søkjarar vere utprega serviceinnstilt, og du må ha eit geniueint ynskje om å skape gode drikkeopplevingar for gjestane. Alle søkjarar bør snakke flytande skandinavisk og beherske engelsk skriftleg og munnleg.

Vi tilbyr ei utviklande og spanande stilling i eit godt arbeidsmiljø, der du får vere med på å skrive eit nytt kapittel av historia saman med trivelege kollegaer. Vi er hjelpsame med bustad og tilbyr løn etter avtale.

Kontakt hoteldirektør Mariann Øye, 977 43 455 for ytterlegare informasjon eller spørsmål.

Søknadar vert vurdert fortløpande.

Er du den vi leter etter?

Søknadsfrist snarest