ledig stilling hos Hotel Union Øye

Hovmeister

Vi søkjer deg som er lidenskapeleg oppteken av mat og vin og blir motivert av å lede andre til å skape ei minnerik og unik oppleving for våre gjestar. I samarbeid med dyktige kollegaer skal du vere med å sikre at våre gjestar føler seg heime og får ei kulinarisk oppleving som står i stil med vår fantastiske omgivnader.


Hotel Union Øye, 62 NORD og Flakk Gruppen er ei familieeigd bedrift som allereie har investert betydelige midlar i utvikling av hotell og opplevingar på Sunnmøre og 62. breddegrad. Som ein del av Flakk Gruppa sin reiselivsstrategi investerast det no i ei omfattande utbygging og oppgradering av Hotel Union Øye. Vi har sidan opninga i 1891 vore reisemål for tindebestigarar, eventyrarar, kongar og dronningar og er omtala som eit av Skandinavias mest anerkjende historiske hotell. Vi er stolte av å levere berekraftige og skreddersydde opplevingar av svært høg kvalitet for våre gjestar.

Som hovmeister har du ansvar for daglege rutiner i restauranten og skal vere med å utvikle vårt restaurantkonsept til nye høgder. Du er god til å lede andre og deler av din kunnskap. Som ein viktig del av vertskapet ved hotellet er du med å å få gjestar til å føle seg heime under opphaldet. Du må vere grunnleggande oppteken av service, glad i folk og vere ein person som motiverast av å skape store opplevingar. Vidare må du vere kvalitetsbevisst og ha eit svært godt trena auge for detaljar. 

Vi søkjer ein person med utdanning innan hotell og restaurantbransjen og med erfaring fra tilsvarande arbeid. Du må ha stor arbeidskapasitet, god samarbeidsevne, samt vere ein god motivator for dine kollegaer.Vidare må søkjarar vere utprega serviceinnstilt, og du må ha eit genuint ynskje om å skape gode opplevingar for gjestane. Alle søkjarar må snakke flytande skandinavisk og beherske engelsk både muntleg og skriftleg

Vi tilbyr ei utviklande og spanande stilling i eit godt arbeidsmiljø, der du får vere med på å skrive eit nytt kapittel av historia saman med trivelege kollegaer. Vi er hjelpsame med bustad, og tilbyr løn etter avtale.

Kontakt hotelldirektør Kathrine Øye tlf. 481 15 608 for ytterlegare opplysningar.

Er du den vi søkjer etter?

Søknadsfrist snarast