ledig stilling hos Hotel Union Øye

Restaurantsjef

Vi søkjer ein restaurantsjef som blir motivert av å skulle leie utviklinga av vårt restaurantkonsept til nye høgder. Med råvarer i verdsklasse frå våre lokale leverandørar, serverar vi mat som syner tydelige liner til hotellet si historie og kulturarv. I samarbeid med vårt dyktige personale skal restaurantsjefen sikre at våre gjestar får ei kulinarisk oppleving som står i stil med våre fantastiske omgivnader.

Hotel Union Øye, 62 NORD og Flakk Gruppen er ei familieeigd bedrift som allereie har investert betydelige midlar i utvikling av hotell og opplevingar på Sunnmøre og 62. breddegrad. Som ein del av Flakk Gruppa sin reiselivsstrategi investerast det no i ei omfattande utbygging og oppgradering av Hotel Union Øye. Vi har sidan opninga i 1891 vore reisemål for tindebestigarar, eventyrarar, kongar og dronningar og er omtala som eit av Skandinavias mest anerkjende historiske hotell. Vi er stolte av å levere berekraftige og skreddersydde opplevingar av svært høg kvalitet for våre gjestar.

Som restaurantsjef vil du ha både drifts- og personalansvar. Det innebærer budsjett- og resultatansvar, og gjennom god leiing skal du sikre eineståande service og kvalitet på våre tenester. Som personalleiar skal du i tillegg til å tilsetje dei rette medarbeidarane, trene, motivere og inspirere dei slik at gjestane får ei unik oppleving. 

Vi søkjer ein person med relevant utdanning og erfaring innan hotellfag og/eller leiing. Vidare må søkjarar vere utprega serviceinnstilt, og du må ha eit genuint ynskje om å skape gode matopplevingar for gjestane. 

Som leiar må du vere raus, tydeleg  og profesjonell i handteringa av dine tilsette. Fleksibilitet og gode samarbeidsevner er ein forutsetnad. Du må vere grunnleggande oppteken av service, glad i folk og vere ein person som motiverast av å skape store opplevingar. Vidare må du vere kvalitetsbevisst og ha eit svært godt trena auge for detaljar.  I rolla som restaurantsjef må du evne å handsame periodevis høgt arbeidspress, og du er ein person som beheld roa i eit hektisk og høgt tempo.

Vi tilbyr ei utviklande og spanande stilling i eit godt arbeidsmiljø, der du får vere med på å skrive eit nytt kapittel av historia saman med trivelige kollegaer. Vi er hjelpsame med bustad, og tilbyr løn etter avtale.

Er du den vi leter etter?

Søknadsfrist 20. januar 2022

Kontakt Mercuri Urval ved Ole Petter Bratteberg, tlf. 975 59 036 eller Mette Slinning, tlf 975 59 025 for ytterligere informasjon. Alle henvendelser til Mercuri Urval blir behandlet konfidensielt, også overfor oppdragsgiver.