Hotel Union Øye, 62 NORD og Flakk Gruppen er ei familieeigd bedrift som allereie har investert betydelige midlar i utvikling av hotell og opplevingar på Sunnmøre og 62. breddegrad. Som ein del av Flakk Gruppa sin reiselivsstrategi investerast det no i ei omfattande utbygging og oppgradering av Hotel Union Øye. Vi har sidan opninga i 1891 vore reisemål for tindebestigarar, eventyrarar, kongar og dronningar og er omtala som eit av Skandinavias mest anerkjende historiske hotell. Vi er stolte av å levere berekraftige og skreddersydde opplevingar av svært høg kvalitet for våre gjestar.
Som Servitør inngår du som ein del av vertskapsrollen ved hotellet. Du må vere grunnleggande oppteken av service, glad i folk og vere ein person som motiverast av å skape store opplevingar. Vidare må du vere kvalitetsbevisst og ha eit svært godt trena auge for detaljar.
Vi søkjer ein person med utdanning og erfraing innan hotell og restaurantbransjen. Fagbrev som servitør er ynskjeleg, men ikkje eit krav. Vidare må søkjarar vere utprega serviceinnstilt, og du må ha eit genuint ynskje om å skape gode opplevingar for gjestane. Alle søkjarar må snakke flytande skandinavisk og beherske muntleg engelsk.
Vi tilbyr ei utviklande og spanande stilling i eit godt arbeidsmiljø, der du får vere med på å skrive eit nytt kapittel av historia saman med trivelege kollegaer. Vi er hjelpsame med bustad, og tilbyr løn etter avtale.
Kontakt Operation Manager Kathrine Øye tlf. 481 15 608 for ytterlegare opplysningar. Søknadar behandlast fortløpende.