ledig stilling hos Hotel Union Øye

Sesongarbeidar Natt-resepsjonist

Vi søkjer nattevakter i vår resepsjon som elskar nattevåk i historiske omgivnader, med genuin interesse og fortståing for god service og vertskapsrolla.

Hotel Union Øye, 62 NORD og Flakk Gruppen er ei familieeigd bedrift som allereie har investert betydelege midlar i utvikling av hotell og opplevingar på Sunnmøre og 62. breddegrad. Som ein del av Flakk Gruppa sin reiselivsstrategi har det blitt investert i ei omfattande utbyggjing og oppgradering av Hotel Union Øye. Vi har sidan opninga i 1891 vore reisemål for tindebestigarar, eventyrarar, kongar og dronningar og er omtala som eit av Skandinavias mest anerkjende historiske hotell. Vi er stolte av å levere berekraftige og skreddersydde opplevingar av svært høg kvalitet for våre gjestar.

Som nattevakt er du ein del av vertskapet ved hotellet og har faste rutineoppgåver i resepsjonen. Som nattevakt er du også ansvarleg for brann- og sikkerheitsrutinar for gjestar og ansatteDu må vere grunnleggande oppteken av service, glad i folk og vere ein person som blir motivert av å skape store opplevingar og yte service av første klasse. Vidare må du vere kvalitetsbevisst og ha eit godt trena auge for detaljar. 

Vi søkjer ein person med erfaring innan hotell og/eller reiseliv eller anna relevant erfaring, gjerne som nattevakt og med resepsjonsarbeid. Du bør være strukturert, løysingsorientert og ha god forståing for vertskapsrolla. Vidare må søkjarar vere utprega serviceinnstilt, og du må ha eit genuint ynskje om å skape gode opplevingar for gjestane og yte service i første klasse. Alle søkjarar må beherske engelsk både muntleg og skriftleg.

Vi tilbyr ei utviklande og spanande stilling i eit godt arbeidsmiljø, der du får vere med på å skrive eit nytt kapittel av historia saman med trivelege kollegaer. Vi er hjelpsame med bustad, og tilbyr løn etter avtale.

Kontakt hotelldirektør Mariann Øye tlf. 977 43 455 for ytterlegare opplysningar.

Er du den vi søkjer etter?

Søknadsfrist snarast