Sesongarbeidar Servitør

Vi søkjer sesongarbeidarar som servitør som går inn i vertskapsrollen fra mai til september. I samarbeid med med dyktige kollegaer skal du vere med å sikre at våre gjestar får ei fantastisk oppleving som står i stil til våre eventyrlege omgivnader.

 

Hotel Union Øye, 62 NORD og Flakk Gruppen er ei familieeigd bedrift som allereie har investert betydelige midlar i utvikling av hotell og opplevingar på Sunnmøre og 62. breddegrad. Som ein del av Flakk Gruppa sin reiselivsstrategi investerast det no i ei omfattande utbygging og oppgradering av Hotel Union Øye. Vi har sidan opninga i 1891 vore reisemål for tindebestigarar, eventyrarar, kongar og dronningar og er omtala som eit av Skandinavias mest anerkjende historiske hotell. Vi er stolte av å levere berekraftige og skreddersydde opplevingar av svært høg kvalitet for våre gjestar.

Som sesongarbeider servitør må du vere grunnleggande oppteken av service, glad i folk og vere ein person som motiverast av å skape store opplevingar. Vidare må du vere kvalitetsbevisst og ha eit svært godt trena auge for detaljar. 

Vi søkjer ein person med erfaring innan tilsvarande arbeid og stor arbeidskapasitet. Vidare må søkjarar vere utprega serviceinnstilt, og du må ha eit genuint ynskje om å skape gode drikkeopplevingar for gjestane. Alle søkjarar må snakke flytande skandinavisk og beherske muntleg engelsk.

Vi tilbyr ei utviklande og spanande stilling i eit godt arbeidsmiljø, der du får vere med på å skrive eit nytt kapittel av historia saman med trivelege kollegaer. Vi er hjelpsame med bustad, og tilbyr løn etter avtale.

Kontakt hotelldirektør Mariann Øye tlf. 977 43 455 for ytterlegare opplysningar. Søknadar behandlast fortløpende.

Er du den vi leter etter?

Send søknad